VALPROGRAM 2023-2027

Vang Arbeiderparti sitt valprogram for valperioda 2023-2027

PROGRAM FOR VALPERIODEN 2023-2027 

Link til programmet finn du her: 

https://www.dropbox.com/scl/fi/7rdr3ew15dxhsa43lxt7s/valgprogram2023.pdf?dl=0&rlkey=ddxebskopasooh00pc20no8w8

Vang Arbeiderparti legg FN sine berekraftsmål som grunnlag for all vidare utvikling av kommunen. Vang kommune skal vere ein raus, inkluderande og positivt innstilt kommune. Innbyggjarar og deltidsinnbyggjarar skal føle seg heime i Vang, oppleve gode tenester i alle livets fasar, føle seg trygge, oppleve meistring og ha verdifulle liv.   

PRIORITERTE OMRÅDER FOR VANG ARBEIDERPARTI I KOMANDE PERIODE:  

  1. Leggje til rette for fleire og varierte  arbeidsplassar og oppretthalde dei eksisterande. Arbeid til alle er framleis vårt hovudmål. 
  2. Kraftinntektene må forvaltast til det beste for innbyggjarane og næringslivet i Vang. 
  3. Vere ein ansvarleg bidragsytar for å redusere klimagassutslepp.
  4. Saman med private leggje til rette for å byggje fleire bustader og leilegheiter. 
  5. Landbruksnæringa må gjevast gode vilkår. 
  6. Det må bli lagt til rette for ei positiv utvikling i reiselivet. 
  7. Høgt nivå på helsetilbodet. Med særleg vektlegging på førebyggjande helse og psykiatri. 
  8. Barnehagetilbodet må så langt det er mogleg tilfredsstille dei behov familiane har. Barnehagetilbodet har, og skal ha, høg kvalitet. 
  9. Arbeide for ein god offentleg skule med tilstrekkelege ressursar og god kompetanse hjå dei tilsette. 
  10. Gje lærlingeplass til elevar frå Vang som ynskjer å ta fagbrev. 
  11. Vidareutvikle kulturtilbodet i samarbeid med frivilligsentralen og biblioteket.
  12. a) Strekninga på E 16 Synshagen til Turtnes må utbetrast.

b) Fylkesvegane i kommunen må utbetrast etter ei prioritert liste.

c) Trafikksikringstiltak må vektleggjast. Spesielt ved barnehagane. 

13.   Arbeide for fleire møteplassar tilpassa folk i alle aldrar. 

NOKO AV DET SOM HAR SKJEDD I VANG DEI SISTE 4 ÅRA:

▪ God økonomisk styring av kommunen.

▪ Vang Energiverk KF er gjort om til aksjeselskap: Jotun Holding AS.

▪ Vedtak av kommunedelplan for Tyinkrysset, reguleringsplan for eit utvida bustadfelt i Ryfoss og

fleire private planar er enten godkjent eller under arbeid.

▪ Øyebakkin er ferdig med servicebygg, sløkkevatn til stavkyrkja, utviding av kyrkjegarden og ny veg og. Parkering

▪ Ferdigstilling av vassanlegg for Tyinkrysset/Filefjell. Bygging av hovudleidningar og høgdebasseng.

▪ Fiberutbygging i Vang, der ein nærmar seg at 100 prosent har tilgang til høghastigheitsfiber,

eller iallfall fått tilbod om det.

▪ Opning av E 16 Øye-Eidsbru i september 2020. Oppstart av og ferdigstilling av ny veg og tunnel

 ved Kvamskleive, Øylo-Hålimoen og Turtes-Øye. Hugaviktunnelen opna i november 2022.

▪ Begge småkraftverka Ala og Rysna er bygd ferdig.

▪ Oppretting av BUA.

▪ Makken – parken på Mjøsvang.

▪ Frisbee-golf i Ryfoss.

▪ Stolpejakt i Vang.

ARBEID OG NÆRING:

▪ Samarbeid med reiselivsaktørane for at reiselivet kan få utvikle seg og skape heilårs arbeidsplassar.

Leggje til rette for utvikling og vekst i samarbeid med Visit Valdres og andre samarbeidspartnerar.

▪ Politiet sin tenestestad i Vang må oppretthaldast.

▪ Bidra til at eksisterande arbeidsplassar kan bestå og at lokale firma kan utvide talet på tilsette.

▪ Føre ein aktiv og offensiv næringspolitikk i samarbeid med Innovangsjon og Valdres Næringshage.

▪ Bustadbygging må vere ei prioritert oppgåve. Særleg behovet for sentrumsnære bustader er stort.

Eit mangfald av bustader gjer at fleire vil kunne bli i Vang og flytte til Vang.

▪ Halde fram med regionsamarbeidet i Valdres. Valdres Natur- og Kulturpark må gjevast tilstrekkeleg

med rammer.

▪ Det må vere fokus på berekraftig sentrumsutvikling og fritidsbustadbygging.

Arealutnyttinga i kommunen må gåast igjennom i revidert arealplan.

▪ Grunderbygda Vang! Det skal vere attraktivt å starta næring i Vang kommune.

Me vil sikra at både store og små bedrifter kan realisere idear og utviklingstiltak.

▪ Tiltak for å inkludere alle i arbeidslivet må prioriterast, og fleire må stå lengre i arbeid.

▪ Arbeide for revisjon av konsesjonsvilkåra for Ylja-vassdraget.

▪ Kampen om arbeidskrafta og behovet for kompetanse i alle yrker innan offentleg og privat sektor

blir stor i komande år. Kommunen må arbeide aktivt for å leggje til rette for utdanning og kompetanseheving.

Vurdere innføring av utdanningsstipend. Legge til rette for praksisperiodar.

LANDBRUK:

Landbruk er ei viktig næring i Vang. Vi vil legge til rette for eit berekraftig

landbruk I kommunen og at ein også kan ha landbruk som hovudnæring

i Vang.

Dette vil vi gjere ved å mellom anna:

1. Leggje til rette for og stimulere til best utnytting av utmarka basert på

beitekartlegginga

2. Fullføre beitekartlegginga.

3. Sjå på tiltak for regulering av leiejordprisar og arbeide for å bevare

priskontroll på landbrukseigedommar.

▪ Ein må arbeide for at minst mogleg god matjord blir tekne til andre føremål.

▪ Stølsdrift må få halde fram med gode støtteordningar. Stimulere og støtte tiltak mot

attgroing av kulturlandskapet

▪ Rovviltforliket på Stortinget må følgjast opp. Me vil styrke det lokale rovviltjaktlaget.

▪ Støtte opp om etablering av binæringar til landbruket som gards- og stølsturisme og

småskalaproduksjon

▪ Oppretthalde og styrke investeringsmidlar.

▪ Bidra til kompetanseheving, via f.eks. utdanning innan vaksenagronomi, og arbeide opp mot

sentrale myndigheiter for å få betre rammevilkår for landbruket.

▪ Me ynskjer at opprettinga av Nasjonalt senter for landbruket på Løken skal føre til forsking og utvikling.

Det tradisjonelle landbruket må ha føreseielege og levelege vilkår. Eit levande landbruk er viktig for å skape eit godt

lokalsamfunn i Vang, utnytte jorda vår best mogleg og skaffe tilstrekkeleg med rein og trygg mat.

HELSE OG VELFERD

▪ Ambulansetjeneste med base i Ryfoss må bestå.

▪ Fastlegeordningane og legevaktordning i Valdres må utviklast og forbetrast.

▪ Framleis ha eit godt tilbod til menneske med særskilte behov.

▪ Fokus på forebygging innan helse generelt, rusforebygging og psykisk helse spesielt.

▪ Støtte opp om eit godt dagtilbod for eldre og demente..

▪ Oppretthalde tannhelsetilbod i Vang.

▪ Heiltidsstillingar skal vere hovudprinsippet, men ein må også leggje til rette for dei som ynskjer å arbeide deltid.

▪ Leve heile livet. Erfaringane frå dette prosjektet må leggjast til grunn for vidare planer i kommunen. Bustader

tilpassa behov i alle livets fasar.

▪ Sørge for at dei som ynskjer det får bu lengst mogleg heime ved å styrke heimetenesta, og ta i bruk

velferdsteknologi.

Bustadene må ha livsløpsstandard.

▪ Besøksteneste er eit godt tilbod som me støttar blir vidareført

▪ Vidareføre eit godt og rimeleg skysstilbod til eldre og uføre.

▪ Leggje til rette for og støtte opp om lågterskel aktivitetstilbod i heile kommunen,

og stimulera til økt fysisk aktivitet og friluftsliv.

▪ Det skal vere gratis leige for alle innbyggjarar i Vang og alle frivillige lag og foreiningar til alle kommunen sine

idrettsanlegg.

▪ Saman med frivilligsentralen (ev andre, slik som idrettslag) tilby gratis lån av idrettsutstyr til

born og unge som treng det. Vidareutvikle BUA.

▪ Vidareføre driftstilskot til frivillige organisasjonar i kommunen som driv med

livreddande arbeid.

SKULE, BARNEHAGE, IDRETT OG KULTUR

• Meir fokus på born og unge og tilbod for dei, særleg ungdomsskuleelevar og vidaregåande.

• Arbeide for at fleire ungdommar held fram i idrettsleg aktivitet.

• Arbeide i samarbeid med idrettslaga for å kunne drive fleire av idrettsaktivitetane rett etter skuletid.

• Kommuneplan for idrett og fysisk aktivitet må følgjast opp etter prioritert liste.

• Syrgje for å ha eit variert tilbod i kommunen, med fokus på både lågterskeltilbod og organisert aktivitet.

Tilpassa opplæring og tilbod til den einskilde.

• Oppretthalde eit variert tilbod i kulturskulen og SFO.

• Arbeide for eit godt og inkluderande skulemiljø med nulltoleranse for mobbing.

• Barnehagane skal sikrast nok ressursar slik at dei kan halde høgt nivå både i kvalitet og kompetanse.

• Oppretthalde og styrke Frivilligsentralen og biblioteket.

• Lage gode møteplassar og sikre at lag og foreiningar får den støtta dei treng frå

kommunen til å legge til rette for eit breitt og variert aktivitetstilbod for innbyggarane i Vang

• Tilskotsordningar i kommunen skal i hovudsak gå til barn og unge.

• Støtte kinodrift og nærradio. Støtte Vinjerock vidare.

• Kyrkja må få nok ressursar til å ta vare på bygningar, og det må vere minnelundar

ved alle kyrkjene.

• Vidareutvikle BUA.

• Kongevegen gjennom bygda må framleis bli prioritert, saman med det velutvikla

stig- og løypenettet i kommunen.

SAMFERDSEL OG BEREDSKAP

• Ferdigstille E 16 gjennom Vang kommunen. Bli prioritert i NTP.

• Standard på mange fylkesvegar er svært dårleg. Arbeide opp mot fylket

for å få meir midlar til utbetring av fylkesvegane våre.

• Sikre naudsynt vedlikehald og opprusting av dei kommunale vegane.

• Kollektivtilbodet må bli betre. Viktig at transportmidlane er tilpassa behovet.

• Ferdigstille utbygging av breiband. Mobil 5G dekning i heile kommunen.

• Høgt fokus på beredskap, brann og redning

Er du enig med Vang Arbeiderparti om VALPROGRAM 2023-2027?

Takk for din tilbakemelding!

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?


Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Takk for tilbakemeldingen. Vi kan ikke være enige om alt!

Kanskje er det andre saker du er enig med oss i?

Se andre politiske saker